Karl Raimund Popper (28. juli 190217. september 1994) var ein austerriksk filosof og vitskapsteoretikar.

Karl Popper

FøddKarl Raimund Popper
28. juli 1902
Wien
Død17. september 1994
Kenley
NasjonalitetCisleithania, Austerrike, Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdefilosofi, epistemologi, rasjonalitet, vitskapsteori, logikk, politisk filosofi, sosialfilosofi, abiogenese, kvantemekanikk
Yrkefilosof, vitenskapsteoretiker, skribent, universitetslærar, sosiolog
InstitusjonarUniversity of Canterbury
London School of Economics
King’s College London
University of London
Alma materUniversitetet i Wien
University of Cambridge
Universitetet i Wien
DoktorgradsrettleiarKarl Bühler
Moritz Schlick
EktefelleJosefine Anna Henninger
MedlemRoyal Society
British Academy
American Academy of Arts and Sciences
Accademia Nazionale dei Lincei
Mont Pelerin Society
Académie internationale d’histoire des sciences
National Academy of Sciences

Popper vart fødd i Wien i Austerrike som son av ein advokat av jødisk opphav, og tok doktorgraden i filosofi ved Universität Wien i 1928. Han arbeidde først i Tyskland, hovudsakleg som filosof, med vitskapsteori som spesialitet. Etter Anschluss emigrerte han til New Zealand og seinare til Storbritannia. Karl Popper blir rekna som den mest innflytelsesrike vitskapsfilosofen på 1900-talet.

Et viktig tema hos Popper var forskjellen mellom det han skildra som genuint testbare teoriar og teoriar som riktig nok stod fram som vitskapelege, men som ikkje var testbare og derfor var pseudovitskap. Teoriar for eksempel frå Adlers og Freuds arena var av denne ikkje-testbare mytiske typen. Dei var, slik Popper såg det, fascinerande nok, men stod fram som grunnleggande upålitelege. Som eksempel på ein dristig teori av eit anna vitskapeleg kaliber trekte han fram Einsteins relativitetsteori. Relativitetsteorien medførte at det var mogeleg å forutseie konsekvensar som var testbare. På den måten var den eit svært dristig vitskapeleg teori samtidig som han, i tilfelle han viste seg å overleve denne testen, hadde ein annan substans av pålitelegheit.

Bibliografi

endre
  • Logik der Forschung, 1934
  • The Open Society and its Enemies, 1946
  • The Poverty of Historicism, 1961
  • Conjectures and Refutations: The Growth of Scientific Knowledge, 1963
  • Objective Knowledge: An Evolutionary Approach, 1972
  • Unended Quest; An Intellectual Autobiography, 1976
  • The Self and Its Brain: An Argument for Interactionism (med John C. Eccles), 1977
  • The Open Universe: An Argument for Indeterminism, 1982
  • Realism and the Aim of Science, 1982
  • Die Zukunft ist Offen (med Konrad Lorenz), 1985
  • The Myth of the Framework: In Defence of Science and Rationality, 1994
  • Knowledge and the Mind-Body Problem: In Defence of Interactionism, 1994
  • In Search of a Better World

Bakgrunnsstoff

endre