Opna hovudmenyen
Tamilske jenter i Kalmunai på Sri Lanka. Foto: Sarvodaya, 2005

Tamilar er ei folkegruppe frå delstaten Tamil Nadu sør i India og det nordaustlege Sri Lanka. Dei snakkar det dravidiske språket tamil, som har ein to tusen år lang nedskriven historie.

Fleire tamilske rike har stått for utviklinga av tamilske kunstformer og mektig arkitektur, og har spreidd tamilsk kultur til Søraust-Asia og Indonesia. Tamilar har utvandra mykje og ein finn tamilske utvandrarmiljø i heile verda.

Tamilane på Sri Lanka har frå 1970-talet krevd eigen stat. Dette har medført ein borgarkrig. I 2009 var det kraftige kamphandlingar som drap over 6000 sivile, sende rundt 190 000 på flukt og øydela store delar av det omstridde området. Les meir ...