Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 26, 2009

Tenortrombone

Trombone eller trekkbasun er eit messingblåseinstrument som kling mørkare enn ein trompet og lysare enn ein tuba. Ordet trombone kjem frå det italienske ordet tromba som tyder trompet og one som er eit suffiks for stor. Såleis tyder trombone stor trompet. Instrumentet har ulike namn på forskjellige språk, og finst omtalt i musikklitteraturen som posaune, sackbut eller sacbut, basun eller trekkbasun, tromba spezzata med meir. Trombonen har òg nokre aukenamn mellom musikarar, der dei mest brukte er «bone» og «binders». Trombone på fransk er òg ordet for binders.

Den klassiske trombonen vert brukt i moderne orkester som janitsjarkorps (medrekna militærkorps), brassband, storband og symfoniorkester. Han vert òg brukt i mindre besetningar som kammerorkester (trioar, kvartettar og kvintettar), og han vert brukt i grupper som speler swing, jazz, salsa og ska. Les meir …