Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 3, 2008

Thorstein Bunde Veblen (30. juli 18573. august 1929) var ein norsk-amerikansk sosiolog og økonom, og ein av grunnleggjarane av rørsla for institusjonell økonomilære. Han var ein sterk kritikar av amerikansk økonomi, og er mest namngjeten for verket The Theory of the Leisure Class (1899). Veblen vart fødd i Cato i Wisconsin, av norske innvandrarforeldre. Norsk var første målet hans.

Veblen utvikla ei evolusjonær økonomilære for det 20. hundreåret basert på dei nye idéane som kom frå antropologi, sosiologi og psykologi. Ulikt nyklassisk økonomilære som voks fram på same tida, skildra Veblen økonomisk åtferd som sosialt heller enn individuelt bestemt, og han såg økonomisk organisering som ein stadig utviklingsprosess. Denne prosessen var driven av menneskelege instinkt som emulasjon (etterlikning), predasjon (rov), fagstoltheit, foreldreinstinkt og meiningslaus nyfikne. Veblen ville at økonomane skulle skjøne verknadene av sosial og kulturell endring på økonomisk endring. Les meir…