Antropologi
Antropologi er læra om menneska; korleis dei lever og lager samfunn og kulturar. I norsk samanheng bruker ein vanlegvis omgrepet om kvalitative og holistiske studie av samfunn og kultur, men i nokre høve kan det òg nyttast om meir biologisk retta studie av menneska. Antropologar studerer mellom anna emne som religion, musikk, feiringar, kroppsspråk, lidenskap, sex, forelsking og kjærleik i eit samfunn.
Det finst ulike tradisjonar innan antropologien, dei viktigaste er amerikanske kulturantropologi, britiske sosialantropologi og til ei viss grad kontinentaleuropeisk etnografi.
Ved hjelp av antropologisk forsking, ofte utført gjennom feltarbeid, kan ein antropolog samanlikna ulike samfunn som eksisterer på same tid, eller undersøka samfunnsutviklinga i eit tidsrom. Den første forskingsretningen er særleg oppteken av strukturelle fellestrekk ved menneskelege samfunn, medan den sistnemnde gjerne legg vekt på «framande» kulturar i eit historisk eller samtidsperspektiv.
Medan antropologi først tok for seg «primitive» folk, til dømes urfolk i fjerne strok eller i noko grad lokal tradisjonell folkekultur, utvikla vitskapen seg i andre halvdel av 1900-talet til også å ta for seg vestleg kultur, både av vestlege og ikkje-vestlege antropologar.
Viktige namn innan antropologi er mellom anna Émile Durkheim, Claude Lévi-Strauss, Edward Burnett Tylor, Bronisław Malinowski, Franz Boas, Margaret Mead, Paul Broca og Pierre Bourdieu.