Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 31, 2006

Ny-Hellesund er ei uthamn i Søgne kommune i Vest-Agder fylke. Det finst tre hovudøyar der med gode hamne- og innseglingstilhøve mellom. Øyane heiter Monsøya, Helgøya og Kapelløya. Staden har 10-15 fastbuande (2004), men om somrane er det eit yrande liv av sommargjester i hus, hytter og naust. Det er stor båttrafikk gjennom hovudsundet, Hellesundet. I tillegg legg eit stort tal båtturistar seg til for eit døgn eller tre. Ikkje minst er det fine hamnetilhøve i den store, lune pollen mellom Helgøya og Kapelløya. Kapelløya (Kabeløya på sjøkart) vart kalla «Vester Heløe» fram til 1640. Namneendringa heng saman med at det vart bygd eit kapell her som stod fram til 1760. I samband med kapellet var det ein gravlund der «strandvaskere», dvs. sjøfolk som dreiv daude i land etter forlis, fekk si siste kvile. Gravlunden var i bruk til 1830. På Kapelløya ligg òg «Det kongelige priviligerte gjestegiveri.» Mellom Kapelløya og Helgøya går Olavsundet, som etter sagnet vart til da Olav den heilage slo med sverdet sitt mot fjellet på flukt frå forfølgjarar. Les meir…

Førre tre veker: FærøyaneAtomvåpenNorsk Folkemuseum