Ny-Hellesund er ei uthamn i Kristiansand kommune i Agder fylke. Det finst tre hovudøyar der med gode hamne- og innseglingstilhøve mellom. Øyane heiter Monsøya, Helgøya og Kapelløya. 2006-utgåva av TV2 sin realityserie Farmen vart spelt inn i Ny-Hellesund.

Morgen ved Ny-Hellesund. Amaldus Nielsen, 1885
Havbukta, Vilhelm Krag sin bustad medan han var i Ny-Hellesund
Det tidlegare «Kongeleg priviligerte» gjestgjevariet i Ny-Hellesund

Staden har 10-15 fastbuande (2004), men om somrane er det eit yrande liv av sommargjester i hus, hytter og naust. Det er stor båttrafikk gjennom hovudsundet, Hellesundet. I tillegg legg eit stort tal båtturistar seg til for eit døgn eller tre. Ikkje minst er det fine hamnetilhøve i den store, lune pollen mellom Helgøya og Kapelløya.

Øyane endre

Kapelløya (Kabeløya på sjøkart) vart kalla ”Vester Heløe” fram til 1640. Namneendringa heng saman med at det vart bygd eit kapell her som stod fram til 1760. I samband med kapellet var det ein gravlund kor ”strandvaskere”, dvs. sjøfolk som dreiv daude i land etter forlis, fekk si siste kvile. Gravlunden var i bruk til 1830. På Kapelløya ligg òg ”Det kongelige priviligerte gjestegiveri.”

Mellom Kapelløya og Helgøya går Olavsundet, som etter segna vart til da Olav den heilage slo med sverdet sitt mot fjellet på flukt frå forfølgjarar.

På Helgøya ligg eigedommen ”Havbukta” kor Vilhelm Krag heldt til store delar av året frå 1917 og fram til han døydde den 10. juli 1933. Helgøya er òg kjend for dei store vardane på toppen av øya som er motiv for Søgne sitt kommunevåpen. Øya er òg kjend for det store kystfortet som vart bygd der under andre verdskrigen.

”Havbukta” brann ned 22 mars 2013. Fylkeskonservatoren sette av 500 000 kroner til restaurering så raskt som mogeleg.

På Monsøya ligg ”Vilhelm Krags brygge”. Bryggja stod ferdig i 1939 som et uvanleg, men nyttig minnesmerke over forfattaren som hadde ein eigedom i Ny-Hellesund frå 1904 til 1906, og som seinare budde store delar av året i uthamna frå 1917 til han døydde der i 1933.

Historie endre

Ny-Hellesund var ei viktig hamn i seglskutetida med gjestgiveri, handel, fiske og hummarfangst. Staden hadde losstasjon og tollstasjon. Gjestgiveriet fekk kongeleg bevilling i 1690. I dag finst framleis bygningen som har husa ”det kongelige priviligerte gjestgiveri”.

Losvesenet i Noreg vart organisert i 1720-åra, og det vart oppretta losstasjon i Ny-Hellesund. Behovet for lokalkunnskap i manøvreringa går òg fram av dagens farvasskildring: ”Svært urent farvann med mange holmer og skjær. Relativt åpent farvann mellom de større øyene. Utenom disse løpene er farvannet vanskeleg manøvrerbart.”

Farvatnet var særleg krevjande den gongen segl var einaste framdriftsmiddel. I tida frå 1833 til 1915 omkom 19 av 74 av losane som høyrde til Ny-Hellesund distrikt. I 1890 vart losoldermannstillinga overført til Kristiansand. Losstasjonane vart nedlagde i 1965.

Ny-Hellesund fekk omgangsskule kring 1775. Fast skule kom i 1820-åra, først i leigde lokale. I 1835 var det første skulehuset ferdigbygd. Skulen vart nedlagd i 1963.

I 1790 fekk Ny-Hellesund fast tollstasjon. Tollstasjonen vart nedlagd i 1963.

Kystfortet endre

Under andre verdskrigen anla dei tyske okkupantane et kystfort på Helgøya. Arbeidet vart påbyrja i 1942 og blant anna deltok russiske krigsfangar i arbeidet. Målet med anlegget var å kontrollere kysttrafikken og den vestlege innseglinga til Kristiansand.

Fortet vart i si tid kalla «Noregs litle Gibraltar». Fortet hadde ei bemanning på 150. Det var bestykka med fire 10,5 cm kyst-artillerikanonar som hadde ei rekkevidd på ca 12 km. Til nærforsvar fanst maskinkanonar, bombekastarar, flammekastarar, mitraljøsar og maskingevær. I tillegg var fortet utstyrt med radar, lyskastarar og røykanlegg. Alt i alt vart det anlagt 31 bygningar i tre og 26 skotsikre steinbunkerar på området.

Fortet vart nedlagt i 1945, alle bygningane vart rivne, utstyret fjerna og anlegga forsøkt utviska i dei neste 30–40 åra. I 1987 byrja Forsvarshistorisk Forening i Kristiansands-regionen å restaurere fortet. Fleire 10,5 cm M/13 Schneiderkanonar er på plass i stillingar. Forsvarsstillingar, løpegraver, veger og tunellar i området er sikra og utbetra slik at området er lettare tilgjengeleg.

Folketalet gjennom 200 år endre

  • 1801 - 113 personar
  • 1865 - 212 personar
  • 1900 - 167 personar
  • 2004 - 10–15 personar

Bakgrunnsstoff endre