Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 31, 2011

Indiapitta

Pittaer (Pittidae) er ein biologisk familie av sporvefuglar, hovudsakleg i tropisk Asia og Australasia, sjølv om eit par av artane lever i Afrika. Alle pittaartar er generelt like i struktur og vanar, og er plassert i ei einskild slekt, Pitta. Namnet er avleidd av ordet 'pitta' i språket telugu i Andhra Pradesh i India, og er eit generisk, lokalt namn for alle småfuglar.

Pittaer er mellomstore av sporvefuglar, 15 til 25 centimeter i lengd, og tettbygde, med lange sterke bein og lange føter. Dei har svært kort hale og tjukk, litt nedbøygd nebb. Mange, men ikkje alle, har fargerik fjørdrakt. Fuglane er mykje bakkelevande på våt skogbotn. Dei et sniglar, insekt og liknande virvellause byttedyr. Les meir …