Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 32, 2007
Lyn er ei kraftig naturleg elektrostatisk utladning som oppstår i torevêr. Den elektriske utladninga er etterfulgt av eit skarpt synleg lys og andre former for elektromagnetisk stråling. Den elektriske straumen som strøymer gjennom utladingskanalen varmar raskt opp lufta til plasma og utvidar lufta. Dette fører til ei akustisk sjokkbølgje i atmosfæren som me høyrer som torebrak.
I snitt blir jorda treft av 100 lynnedslag kvart sekund. Ulike typar lyn skadar årleg omlag 2 000 menneske i verda. Det finst eigentleg ingen trygge plassar utandørs i torevêr. Ein av dei beste plassane er inni ein bil som verkar som eit slags faradaybur. Innandørs vernar ofte lynavleiarar mot skader. Les meir…