Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 33, 2008
Genova er ein hamneby i Italia. Han er hovudstad i provinsen Genova og regionen Liguria, og har om lag 620 000 innbyggjarar med om lag 890 000 innbyggjarar i storbyområdet.
Genua var den gamle byen til ligurane og namnet kjem truleg frå ligurisk og tyder «kne». Genova var òg hovudstaden til Republikken Genova, eit mektig handelsimperium i renessansen.
Christofer Columbus var fødd i Genova og donerte ein tiandedel av inntektene sine etter oppdaginga av Amerika for Spania til banken i San Giorgio i Genova.
I 2004 valde EU Genova som europeisk kulturhovudstad. Delar av gamlebyen i Genova er innskriven på UNESCO si verdsarvliste. Les meir…