Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 34, 2008

Olav H. Hauge

Olav H. Hauge (18. august 190823. mai 1994) var ein norsk forfattar, ein av dei viktigaste lyrikarane innafor den modernistiske tradisjonen på 1900-talet. Han vart fødd i Ulvik i Hardanger, der han budde heile livet. Han var gartnar av yrke og dreiv med fruktproduksjon.

Han er kjend for ein kortfatta diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samanlikna både med den norrøne sagastilen og japanske haikudikt. Mange av dei beste dikta til Hauge er likevel sonettar, dikt der han sameiner ei streng form med eit grenseoverskridande innhald. Les meir…