Ein sonett er ei verseform med 14 verslinjer fordelte på fire strofer (med 4 + 4 + 3 + 3 linjer). Verlinjene er er femfota og jambiske. Ordet «sonett» kjem frå det italienske ordet sonetto, som tyder ‘liten song’ (diminutiv av suono, ‘song’.[1]

Sonettar frå Petrarcha sin Canzoniere.
Dante Gabriel Rossetti sin sonett «The Sonnet», som også skildrar verseforma.

Den italienske sonetten endre

Sonetten oppstod på 1200-talet. Forma vart truleg oppfunnen av Giacomo da Lentini og gjenoppdaga av Guittone d'Arezzo, som skreiv mesta 300 sonettar. Andre italienske diktarar frå denne tida skreiv òg sonettar, som til dømes Dante Alighieri (1265–1321), men den mest namngjetne tidlege sonettediktaren er Francesco Petrarcha (1304–1374).

I si opphavlege form var den italienske sonetten delt inn i ein oktav (åttelinar) følgd av ein sestett (sekslinar). Det rimskjemaet var a-b-b-a, a-b-b-a, c-d-c, d-c-d, eller a-b-b-a, a-b-b-a, c-d-e, c-d-e.[2] Oktaven formulerte eit problem og sestetten løysinga, med eit klårt skilje mellom dei to. Den niande lina skapte ein snuna, ein «volta» på italiensk, som signaliserte skiftet i emnet eller tonen i sonetten.

Den engelske sonetten endre

Sonetten vart introdusert på engelsk av Thomas Wyatt tidleg på 1500-talet. Men det var Sir Philip Sidney sin sekvens Astrophel and Stella frå 1591 som starta ei stor bølgje av sonettdikting, med mellom andre Edmund Spenser og William Shakespeare som kjende namn. Mellom 1670 og romantikken vart det derimot mesta ikkje skrive sonettar på engelsk.

William Wordsworth skreiv fleire sonettar, den best kjende er kanhende «The World Is Too Much With Us». Det same gjorde andre diktarar i romantikken, som Elizabeth Barrett Browning med Sonnets from the Portuguese. Også seinare har det vore skrive gode sonettar, ein kan nemne som døme Wilfred Owen sitt antikrigsdikt «Anthem For Doomed Youth» frå 1918.

Dei engelske sonettediktarane utvikla kort tid etter sonetten var introdusert i landet ei særeiga engelsk form. Shakespeare er den mest namngjetne her, forma blir difor gjerne kalla Shakespeare-sonetten. Denne forma består av tre firelinarar og ein kuplett (tolinar) til slutt. Her kjem ofte den uventa vendinga i tematikken eller biletbruken i kupletten. Men somtid er det eit skifte i dikta både i niande og trettande lina. Det vanlege rimskjemaet var a-b-a-b, c-d-c-d, e-f-e-f, g-g.[3]

Sonetten i andre land endre

Sonetten vart også populær i mellom anna fransk dikting, der sjølv ein så «avantgarde» diktar som Arthur Rimbaud bruka forma. Det same gjorde den store chilenske diktaren Pablo Neruda, og fleire andre diktarar i nyare tid. I Noreg har mellom andre Johan Sebastian Welhaven og seinare Andre Bjerke nytta forma med stort hell.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre