Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 4, 2005
Det kinesiske språket høyrer til den sinotibetanske språkfamilien. Sjølv om dei mange ulike variantane av kinesisk talespråk ofte blir rekna for eitt språk, kan skiljet mellom desse jamførast med skiljet mellom til dømes dei romanske språka. Skriftspråket har også endra seg over tid, men mykje seinare enn talespråket og har dermed mindre variasjon.
Om lag ein femtedel av folket i verda har ei form av kinesisk som morsmål, og er dermed det språket med flest morsmålsbrukarar i verda. Det kinesiske språket (slik det er tala på standard mandarin) er det offisielle språket til Folkerepublikken Kina og Republikken Kina (Taiwan), eitt av fire offisielle språk i Singapore, og eitt av dei seks offisielle språka til dei sameinte nasjonane. Les meir...