Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 41, 2008

Lundefangstmann

Lundefangst er systematisk fanging av lundefugl for å gjere seg nytte av kjøt, fjør og dun. I bustader frå steinalderen har arkeologar funne restar av sjøfugl på avfallsplassane. Det har truleg vore ein viktig del av næringsgrunnlaget.

Sjølv om lundefuglen ikkje er ein sky fugl, er det vanskeleg å fange han utan særlege hjelpemiddel. Under visse verforhold kan han takast med berre hendene. Ellers har det vore nytta kjepp, kjeppkrok, hund, garn og fleiing. Det har vore mykje lundefangst i det nordatlantiske lundeområdet og fleire stader har det vore uttak på opp mot 30 000 fugl årleg. Lundefuglen er no på nasjonal raudliste (2006) for trua artar i Noreg med status «sårbar (VU)». Les meir…