Lundefugl

fugleart

Lunde (Fratercula arctica), også kjent som sjøpapegøye eller lundefugl, høyrer til alkefuglane. Han er særmerkt av det fargerike nebbet sitt, som blir klart oransje under hekketida med gulraude konvekse striper bakover og er mørkebrunt inst mot hovudet.

Lunde
Lunde
Lunde

Læte
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: EN Sterkt trugaUtbreiinga av lunde
Utbreiinga av lunde
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Fratercula
Art: Lunde F. arctica
Vitskapleg namn
Fratercula arctica

Skildring

endre

Fuglen ein blågrå flekk omkring auget. På oversida er fuglen svart, på undersida er han kvit. Han har ein svart ring kring halsen, og er bleikt oskegrå på sidene av hovudet og på strupen. I vinterdrakt er føtene gulraude.

 
Newfoundland og Labrador har lunde som sin nasjonalfugl.

Ein vaksen lunde er mellom 28 og 35 cm lang, og har eit vengespenn på 50–60 cm. Lunden viser uvanleg dugleik i å symje og dukke, han kan flyge lågt over bølgjene og kan skjere gjennom dei med nebbet medan vengene og føtene slår ned i vatnet. Han slår med dei korte vengene i høg frekvens og når opp i ei ganske god flygefart. Føda er mest fisk, men lunden kan òg ta noko krepsdyr. Levetida er rundt 25 år.

Leveområde og levesett

endre

Habitatet til denne alkefuglen er først og fremst i Nord-Atlanteren, det finst dessutan populasjonar i Nordsjøen, inn i Barentshavet og i Nordishavet nord til 80°N. Hekking går føre seg både på fastlandet og på øyar, meir enn halve verdspopulasjonen kan hekke på Island.

Lunden hekkar i koloniar. Hekkesesongen er frå april til august, resten av året lever fuglane på havet. I Noreg hekkar lunden på Vestlandet, men dei store koloniane finst frå Lofoten og nordover. Desse koloniane kan vere på fleire hundre tusen fuglar, den største kolonien er den på Røst og har vore på over 1,3 million par. I fuglefjellet bygger lunden reiret sitt i gangar som han grev sjølv, eller i jordhòler eller små hòler i steinurer og i fjellsprekker. Hoa legg egg i mai–juni, og begge foreldra rugar dei. Paret får ofte berre ein unge, som blir i reiret i ca 40 dagar, og han vert veldig feit. Derfor var lundeungane eit lett bytte for fangstfolk då slik fangst var tillaten. I Nord-Noreg har fangst av lundefugl vore ei viktig tilleggsnæring opp igjennom hundreåra, bl.a. med hjelp av lundehund. I 2021 blei lundefuglen oppgradert frå «sårbar» til «sterkt truga (EN)» på norsk raudliste for artar.[1]

Galleri

endre

Kjelder

endre
Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Lislevand T, Jacobsen K-O, Strøm H og Solvang R (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av lunde Fratercula arctica for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 25. november 2021

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lundefugl