Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 42, 2008
Geirr Tveitt ( 19. oktober 1908 - 1. februar 1981 ), fødd Nils Tveit, var ein norsk komponist og pianist. Tveitt var ein av Noregs mest markante, fargerike og velutdanna komponistar på 1900-talet. I musikken hans møtest det norske og det kontinentale i ein fruktbar syntese. Han skreiv klaverkonsertar, ballettar, operaer og ruvande verk for kor og orkester. Det verket som har nådd vidast ut og som blir oftast oppført, er «Hundrad folketonar frå Hardanger». Det er samansett av komprimerte satsar bygde på folketonar, fantasifullt instrumenterte og med suggestive titlar. Han komponerte òg folkekjære songar og viser. Best kjend er kanskje «Vi skal ikkje sova burt sumarnatta» til tekst av Aslaug Låstad Lygre, og viser til tekstar av Jakob Sande og Aslaug Vaa.
Ei rekke ulykker følgde Tveitt. Det partituret til «Baldurs draumar» som vart brukt i Paris, vart borte i eit flyåtak over London under krigen. Huset hans i Norheimsund vart knust av snøras i 1960. Ti år seinare brann bustadhuset ned. I denne katastrofen brann om lag 80 % av den produksjonen hans opp. Ein del av den musikken som gjekk tapt, er seinare blitt rekonstruert på grunnlag av arkivmateriale, radioopptak og liknande. Berre rundt 90 verk er framleis tilgjengelege. Les meir…