Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 43, 2006
Id ul-fitr (arabisk عيد الفطر, 'festen for brotet'), ofte bare kalla id, er ei muslimsk høgtid som markerer slutten på fastemånaden ramadan. Ho blir feira med bønesamlingar, gjestebod og ved at ein tek på seg nye klede. Det er vanleg å vitja gravstader og gje gåver og almisser i samband med id, og høgtida blir ofte samanlikna med jul. Id er både ei markering av enden på fasten og ei feiring av auka gudsfrykt. Dei truande takkar Gud for at han gav dei styrke til å gjennomføra fasta. Les meir…