Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 45, 2012
Bobby Fischer (1943–2008) var ein amerikansk sjakkspelar og stormeister i sjakk som vart islandsk borgar i 2005. Fischer vart kjend i tenåra for sjakktalentet sitt og i 1972 vart han den einaste amerikanske sjakkspelaren som offisiellt har vore verdsmeister i sjakk. I 1975 nekta han å forsvare tittelen då Verdssjakkforbundet FIDE, ikkje aksepterte alle 64 krava hans for å spele kampen. Fischer vert ofte trekt fram som ein av dei største sjakkspelarane gjennom tidene.
Fischer vart verdskjend i 1972 då han slo Boris Spasskij frå Sovjetunionen og vart verdsmeister. Kampen gjekk i Reykjavik på Island, og har ofte blitt kalla hundreårets sjakkamp. Dette mellom anna fordi kampen gjekk midt under den kalde krigen, der Fischer vart sett som den vestlege verda sin representant i kampen mot kommunismen og Austblokka. Uvisse om Fischer ville stille opp, og dei mange krava han kom med før og under kampen, førte også til mykje medieomtale. Les meir …