Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 47, 2012
Sør-Georgia er ei øy i Søratlanteren som høyrer til det britiske oversjøiske territoriet Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Argentina gjer krav på Sør-Georgia og resten av dei britiske territoria i Søratlanteren. Sør-Georgia har eit areal på 3 756 km² og er 170 km lang og 30 km brei. Det høgste punktet på øya er Mount Paget på 2 934 moh. I alt elleve fjelltoppar er høgare enn 2 000 moh. 75 % av øya er dekt av snø og is. Øya har ingen fastbuande, men har forsknngspersonell som er tilknytte museumsdrifta og forskingsstasjonane på Birdøya og King Edward Point.
Øya er ein av dei viktigaste hekke- og yngleplassane i Antarktis. Mellom anna ynglar 2,5 millionar pelsselar og 300 000 sørleg elefantselar på øya, og 2,7 millionar par gulltoppingvinar og 400 000 par kongepingvinar hekkar der. Norske kvalfangarar introduserte reinsdyr på øya, og Sør-Georgia er dermed den einaste staden i verda der ein kan sjå villrein saman med pingvinar. Les meir …