Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 50, 2006
El Niño, eller meir korrekt El Niño – sørleg oscillasjon (ENSO), er eit globalt klimafenomen som oppstår i havet og atmosfæren. El Niño og La Niña er store temperatursvingingar i overflatevatnet i den tropiske delen av det austlege Stillehavet. ENSO er ein kopla hav-atmosfære klimafluktuasjon som oppstår som følgje av havstraumar og atmosfærisk sirkulasjon. ENSO er den mest omfattande og kjende mellomårlege variasjonen i vêr og klima i verda, og oppstår med to til åtte års mellomrom. Ikkje alle område av verda vert påverka, men ENSO blir merka i Stillehavet, Atlanterhavet og Det indiske havet.
Namna kjem frå dei spanske uttrykka for «den litle guten» (El Niño) og «den litle jenta» (La Niña). «Den litle guten» referer til Jesusbarnet, fordi fenomenet ofte startar rundt juletider utanfor vestkysten av Sør-Amerika. I desember 2006 er El Niño aktiv, og det er venta at han varer inn i 2007. Les meir…