Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 52, 2008
Julesongar er songar av varierande innhald og form som har til felles at dei særleg blir framførte eller spela i tida rundt jul. Dei har ofte eit innhald som minner om jula, til dømes ved å visa til Jesusbarnet, juleevangeliet, julefeiring eller vinter, men kan også vera knytte til høgtida gjennom tradisjon, utan å ha noko eigentleg juleinnhald. Mange julesongar er folkeeige og er kjende og blir sungne av store delar av samfunnet. Dei kan dimed kallast «ekte» folkemusikk.
På same måte som julemat og julepynt følgjer julesongar ulike tradisjonar innan ulike land og språksamfunn, men mange av dei finst også på fleire språk og er spreidde rundt i heile verda. Fleire julesongar har røter tilbake til mellomalderen, medan andre er blitt skrivne seinare. Særleg på 1800-talet, då mange av dei moderne juletradisjonane blei forma, blei det skrive mange julesongar, men det kjem framleis nye til.
Nokre kjære julesongar er «Det lyser i stille grender», «Det hev ei rose sprunge», «Eg synger jolekvad» og «Fager er jordi». Les meir…