Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 8, 2005

Jean-Baptiste Lully, som vanlegvis er rekna som komponisten til den norske kongesongen
Jean-Baptiste Lully, som vanlegvis er rekna som komponisten til den norske kongesongen

Den norske kongesongen er ein song til ære for den norske kongen. Songen er basert på den engelske kongesongen God Save the Queen, og vart offisielt teken i bruk i Noreg i 1905. Teksten er skriven av Gustav Jensen, og komponisten er vanlegvis rekna som Jean-Baptiste Lully.

Songen er vorten omsett til nordsamisk, og denne versjonen vert sungen, saman med den norske, når kongen er til stades i Sametinget. Det er ikkje sikkert korleis songen skal endrast om Noreg får ei dronning. Les meir...