Opna hovudmenyen
Jean-Baptiste Lully, som vanlegvis er rekna som komponisten til den norske kongesongen

Den norske kongesongen er ein song til ære for den norske kongen. Songen er basert på den engelske kongesongen «God Save the Queen» og vart offisielt teken i bruk i Noreg i 1905. Teksten er skriven av Gustav Jensen, og komponisten er vanlegvis rekna som Jean-Baptiste Lully.

TekstEndra

Gud sign vår konge god!
Sign ham med kraft og mot
sign hjem og slott!
Lys for ham ved din Ånd,
knytt med din sterke hånd
hellige troskapsbånd
om folk og drott!

Høyt sverger Norges mann
hver i sitt kall, sin stand,
troskap sin drott.
Trofast i liv og død,
tapper i krig og nød,
alltid vårt Norge lød
Gud og sin drott.

Songen er vorten omsett til nordsamisk, og denne versjonen vert sungen, saman med den norske, når kongen er til stades i Sametinget. Det er ikkje sikkert korleis songen skal endrast om Noreg får ei dronning.

HistorieEndra

Grand Dieu sauvez le roi
Grand Dieu sauvez le roi
Grand Dieu vengez le roi
Vive le roi
Qu'à jamais glorieux
Louis victorieux
Voie ses ennemis toujours soumis
Vive le roi.
Herren Gud signar kongen
Herren Gud hemnar kongen
Leve kongen
Slik at alltid med heider
skal Ludvik sigra
og sjå fiendane sine overvunne
Leve kongen
God save the king
God save our gracious King
Long live our noble King
God save the King
Send him victorious,
Happy and glorious,
Long to reign over us
God save the King.
Gud signe vår nåderik konge
Leve vår edle konge
Gud signe kongen
Send han sigrane
glad og ærefull
å herska lenge over oss
Gud signe kongen

Soga om kongesongen byrjar i 1686 i Frankrike. Den franske kongen Louis XIV hadde grunnlagt ein skole for å gje «fattige døtre av adelsmenn» ei praktisk utdanning. Skolen var driven av Madame de Maintenon, som òg var elskarinna til kongen. Ho fekk ei venninne, Mme. de Brinon, til å skriva eit dikt som skolejentene kunne syngja for å helsa kongen, og Jean-Baptiste Lully til å skriva musikk til diktet. Diktet heitte «Grand Dieu sauvez le roi» (sjå høgre).

Songen vart ikkje brukt igjen i Frankrike, men ein engelsk versjon kom i bruk i England på 1740-talet for å visa støtte til kong Georg II imot Bonnie Prince Charlie. Songen vart veldig populær i England og spreidde seg gjennom Europa.

Songen vart omsett til dansk og norsk fleire gonger på 1800-talet. Thomas Overskou gav ut ein versjon som heitte «Gud skærm vor Konges hus». I 1841 vart songen òg gjendikta av Henrik Wergeland som «Gud signe Kongen vor», og Elias Blix seinare omsett songen til nynorsk som «Gud signe kongen vår». Men versjonen som vart den offisielle kongesongen i 1905 var skriven om lag 1820 av ein dansk prost, Nicolaj Fogtmann, og heitte «Gud sign vor konge god». Fogtmann sin versjon vart forenkla og forkorta av den norske presten Gustav Jensen i ein ny versjon som vart gjeven ut i eit spesialhefte i 1906. Den nye versjonen vart populær og det er denne me bruker i dag.

MelodienEndra

Det er ikkje sikkert kven skreiv melodien til songen. Melodien som Lully skreiv til «Grand Dieu sauvez le roi» finst ikkje lengre, og det er derfor ikkje sikkert at den var det same som kongesongen sin melodi. Nokre musikarar hevdar at kongesongen sin melodi liknar litt på melodien som Lully skreiv til «Domine Salvum Fac Regem», ein fransk vekselsong brukt fram til det 18. hundreåret for å gje ære til kongen. Dei seier at det viser at me eigentleg bruker Lully sin melodi i dag. Men alle er ikkje einige.

På slutten av 1780-talet hevda sonen til ein engelsk komponist, Henry Carey, at faren hans hadde skrive melodien til songen. Han sa at faren hans song songen i 1740 på eit middagsselskap gjeve for admiral Edward Vernon, som hadde overvunne ein spanske krigsfloten i Porto Bello. Men han kunne ikkje visa det og mange trudde at han berre sa det for å tena pengar på songen. Andre engelske komponistar som har fått æra for melodien inkluderer Henry Purcell, John Bull og Thomas Ravencroft.

I Noreg er det vanlegaste å namna Lully som komponisten. I England er det derimot vanlegare å seia at komponisten er ukjent, eller å namna Henry Carey. Mange seinare komponistar, inkludert Beethoven, Händel, Franz Liszt og Nicolò Paganini har brukt melodien i komposisjonane sine.