Johan Nymo (4. august 190827. august 1997 på Andselv) var ein norsk lærar og folkemusikar.

Johan Nymo
Fødd4. august 1908
FødestadMålselv kommune
Død26. august 1997 (89 år)
DødsstadMålselv kommune
OpphavNoreg
Verka sommusikar
PrisarBlixprisen

Han gjorde eit stort arbeid med å samle inn folkemusikk i Målselv slik at mange av slåttane og songane ikkje døydde ut. På 1950-60-talet sykla han milevis rundt med ein bandspelar på bagasjeberaren for å feste slåttar til band og intervjue gamle spelmenn. Mykje av dette er samla i Spelmenn og spelmannsarv i Målselv. Han var med å etablere og han dirigerte Sørreisa mannskor frå 1939.

I 1949 gjekk han i spissen då Målselv Mållag arrangerte det første spelmannsstemnet i Målselv, og utifrå dette voks Målselv Spelmannslag fram. I 1970 arrangerte Målselv Mållag og Målselv Spelmannslag det første Kalottspelet med Johan Nymo som initiativtakar og gjennomførar. Her deltok det blant anna fire svenske spelmenn.

Han var aktiv i målrørsla, og han var leiar i Målselv Mållag i 30 år, frå 1947 til 1977.

Nymo var sentral i prosessen som på 1940-talet gjorde «Målselvbindingen» (med stramming frampå tåa, slik som den kjente Kandahar-bindinga) kjent i det nasjonale skigåing-miljøet.

Han blei tildelt Blixprisen 1986.

Johan Nymo var far til folkemusikaren Svein Nymo.

Utgjevingar

endre
  • ABC i felespel med slåttegrep, med skisser av May Karen Pedersen, 1979
  • Spelmenn og spelmannsarv i Målselv, notar og notat, 1982

Kjelder

endre
  • Omsett, bearbeidd og utvida frå «Johan Nymo», innhenta torsdag 26. april 2012, klokka 16:30.