Wildgall
Wildgall (italiensk Collaspro) er ein 3 273 meter over havet høg fjelltopp i Rieserferner-massivet i Hohe Tauern i provinsen Bolzano i Italia. Toppen, som ligg i Naturpark Rieserferner-Ahrn, ser frå sør ut som ein veldig pyramide. Av fjelltoppane i Rieserferner-massivet vert han rekna som ein av dei vanskelegast tilgjengelege toppane.
Wildgall | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 273 moh. | ||
Førstestiging | 1872 | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Wildgall | |||
Wikimedia Commons: Wildgall | |||
Victor Hecht frå Praha hadde fylgje med fjellførarane Johann og Sepp Ausserhofer frå Rein in Taufers då dei den 18. august 1872 vart dei fyrste menneska som sette sine føter på toppen av Wildgall. Ein kan nå fjelltoppen på fire timar frå Kasseler Hütte på nordsida av fjellet, men det er heller sjeldan nokon tek turen.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Wildgall» frå Wikipedia på tysk, den 1. august 2014.