Wildhorn (3248 moh) er det høgste fjellet i Wildhorn-massivet i Bern-Alpane i Sveits. Fyrstemann til topps var Gottlieb Studer i september 1843.

Wildhorn
fjell
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 248 moh.
Primærfaktor 934 m ↓  mot Finsteraarhorn
Koordinatar 46°21′16.5″N 7°21′39.1″E / 46.354583°N 7.360861°E / 46.354583; 7.360861
Førstestiging Gottlieb Samuel Studer
 •  dato September 1843
Kart
Wildhorn
46°21′16″N 7°21′39″E / 46.354583333333°N 7.3608611111111°E / 46.354583333333; 7.3608611111111
Kart som viser Wildhorn.
Kart som viser Wildhorn.
Kart som viser Wildhorn.
Wikimedia Commons: Wildhorn
Gottlieb Studer

Fjellet dannar grense mellom kantonen Valais og kantonen Bern. To små brear ligg på austsida av Wildhorn; Glacier des Audannes og Glacier de Ténéhet. Tungelgletscher, ein bre som var 1900 m lang i 1973, har sine kjelder på nordaustsida av fjellet.

Schweizer Alpen-Club driv Wildhornhütte (2303 m) i Iffigtal, ovan om Iffigsee, på nordskråningane av fjellet. Lettaste turen til topps (ei brevandring) startar frå Wildhornhütte. Ein meir utfordrande topptur har utgangspunkt frå ei anna fjellhytte, Geltenhütte (2759 m).

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre