Wilhelm Bredal

norsk politikar

Wilhelm Engel Bredal (25. august 190726. mars 1966) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant for Bondepartiet og landkrinsane i Østfold.

Wilhelm Bredal
Fødd25. august 1907
Oslo
Død26. mars 1966 (58 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
MorLaura Holtsmark Bredal
FarTollef Bredal
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv

Bredal var son til grosserar Tollef Bredal frå Oslo. Etter eksamen frå mellomskulen i 1922 og frå Vinterlandbruksskolen i Oslo 1926, lærde han i 1927 og 1928 jordbruk i høvesvis Tyskland og England. Åra 1929-30 var han gardsstyrar på Ringsaker i Hedmark. Frå 1931 var han forpaktar av garden Fæste i Rygge, ein gard han tok over i 1938 og sidan dreiv.

Hausten 1945 vart Bredal vald til stortingsrepresentant frå Østfold, sidan attvald både i 1949 og 1953. Fram til 1949 var han medlem i Administrasjonskomiteen. Frå 1950 til 1957 hadde han plass i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Perioden 1947-51 var Bredal også heradsstyremedlem i Rygge.

Kjelder endre