Wilhelm Morgenstierne

Wilhelm Hermann Ludvig von Munthe af Morgenstierne (27. desember 18551939) var ein norsk offiser. Bredo Morgenstierne var bror hans.

Wilhelm Morgenstierne

Fødd27. desember 1855
Død1. januar 1939
Ranggeneral

Karriere endre

Morgenstierne vart offiser i infanteriet i 1877 og gjorde teneste i generalstaben frå 1882 til 1907. Tida mellom 1891 og 1907 underviste han ved krigsskulen, medan han som militærstipendiat vitja den gresk-tyrkiske krigen 1897. I 1907 vart han forfremja til oberst. Frå 1912 generalmajor og sjef for 4. brigade i Bergen og samstundes kommandant på Bergenhus til 1923.

Morgenstierne var elles formann i Norsk Husflids Venner frå 1888 til 1892, og sekretær i Den Norske Turistforening frå 1889 til 1893. Han gav ut bøkene Foredrag over den tysk-franske krig 1870-71 i 1894 og Uddrag av Norges krigshistorie i 1906. Frå 1885 til 1910 var han utgjevar av den årlege Norges militærkalender.

Kjelder endre