Bredo Morgenstierne

Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne (11. november 185124. april 1930) var ein norsk professor i rettsvitskap frå Oslo. Han var far til språkforskaren Georg Morgenstierne.

Bredo Morgenstierne

Fødd11. november 1851
Død24. april 1930
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, jurist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnWilhelm von Munthe af Morgenstierne, Georg Valentin von Munthe af Morgenstierne, Otto Morgenstierne

Bredo Morgenstierne vart cand.jur. i 1874 og dr.jur. i 1887 på avhandlinga «Om erstatningsansvar for andre handlinger». Frå 1884 var han dommar i Oslo byrett og frå 1889 professor i lovkunne, statsøkonomi og stat ved Universitetet i Oslo, medlem av Det akademiske kollegium, rektor ved universitetet frå 1912 til 1918. Morgenstierne tok avskil i 1919. Han var formann i mange lovkomitear, så som Handelskovskomiteen av 1896.

Morgenstierne sitt hovudverk er Lærebog i den norske statsforfatningen, som kom ut fyrste gongen i 1900, og Forelæsninger over sosialøkonomiens grundtræk frå 1909. Han gav og ut Universitetets almindelige historie i 1911 og Norsk sosialstatistik i 1912.

Kjelder endre