Wilhelm Asbjørnsson Sorteberg (29. juni 18397. januar 1913) var ein kjend norsk spelemann frå Krødsherad i Buskerud. Han var lærar til Truls Ørpen.

Wilhelm Sorteberg
Fødd29. juni 1839
Død1912
OpphavNoreg
Verka sommusikar

LivEndra

Wilhelm Sorteberg lærte spel av Gamle-Kleven og Hans Hagen, og vart frå byrjinga oppseda i Krylling-tradisjonen. Med tida fór han meir ut og møtte andre spelemenn, slik det var vanleg i hans tid. På Drammensmarken møtte han mellom andre Gudbrand Skjellerud og Olav Napper. Av desse kom han i kontakt med tradisjonane frå Hallingdal og Telemark.

I mange år la Sortebergen bort fela. Truls Ørpen fortalde at dette var av di han dreiv skyss-stasjon, og hadde ein stor ungeflokk. I tillegg var dette i vekkingstida, då pietismen gjekk over bygdene i midtre Buskerud, ført av og inspirert av Vis-Kari. Mange spelemenn la bort eller brende felene sine på denne tida.

I 1897 fekk Wilhelm Sorteberg ei ny fele av bryggerieigaren Amund Ringnes. Sortebergen var på kår no, og hadde betre tid til spel. Felespelet hadde òg fått betre omdøme att. På sine eldre dagar dreiv han spelet sitt opp i store høgder og vart godt etterspurd. No vart han og inspirert av spelet i Telemark, og særleg av møtet med Torkjell Haugerud. Dette førte til at han tok til å brigde på takta i kryllingspelet for å få ho meir lik takta i Telemark. I tillegg la han bort mange av dei eldre slåttane frå heimbygda. Dette meinte Truls Ørpen seinare var eit "Ska`høgg", som han sa. Elles kan ein tenkje seg at kontakta med dei store slåttane frå løyste ut ein stor kunstnarleg givnad i Wilhelm Sorteberg.

Trass i dette vart Sortebergen det store stilidealet for Truls Ørpen. Ørpen var mykje i lag med han dei siste åra han levde, og lærte mykje spel av han.

Elles vert det fortald at Sortebergen var ein kjempekar. «Når han tok ein i handa, svei det lenge etter, og fekk du ein klapp på aksla, så svaga du i knea», vart det sagt.

Sortebergen døydde i 1912.

Slåttar etter Wilhelm SortebergEndra

I Hardingfeleverket er det 11 nedskrifter beint etter Wilhelm Sorteberg. Ti av dei er skrivne ned av Truls Ørpen. Nr 248, Sortebergen, står oppført som skriven ned av Eivind Groven i 1937, etter Gjermund Haugen (G 444). Likevel er Wilhelm Sorteberg oppført som kjelde til slåtten i band IV, Hardingfeleverket (sannsynleg redaksjonsfeil).

Gangar 6/8Endra

  • 11: Gangar. Skriven ned 1908-09 (Ø 66). Dette er ein gamal kryllingslått.
  • 12: «Gubben i Norefjell». Skriven ned 1908-09. Denne skal Sortebergen ha dikta. Slåtten er knytt til «Tussebruri».

Gangar 2/4Endra

SpringarEndra

  • 192: Springar. Skriven ned 1911 (Ø 43). Sorteberg hadde truleg slåtten etter Gudbrand Skjellerud. I Hallingdal er denne slåtten kjend som «Kittil Geiterygg», og for det meste spela i form etter Tor Grimsgard.