Wilhelm W. Sorteberg

Wilhelm Wilhelmsson Sorteberg (15. oktober 18785. mai 1951) var ein gardbrukar og ordførar frå Krødsherad i dåverande Buskerud fylke.

Wilhelm W. Sorteberg
Fødd15. oktober 1878
Krødsherad
Død5. mai 1951 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkebonde, politikar

Sorteberg tok over farsgarden Surteberg på vestsida av Krøderen etter far sin, Wilhelm Asbjørnsson Sorteberg. Sjølv var Wilhelm W. med i styringa av Krødsherad, ordførar i heradet valbolkane 1923-25 og 1926-28. I den nasjonale politikken sokna han til Venstrepartiet.

Stavhopparen Wilhelm Sorteberg er eit barneborn av Wilhelm W. Sorteberg.

KjelderEndra