Wilhelm Sorteberg (1950)

norsk friidrettsutøvar og kirurg

Arne Wilhelm Sorteberg (fødd 24. juni 1950) er ein norsk medisinar og tidlegare friidrettsutøvar. Han vann 7 NM-gull i stavhopp i åra 1969–1978, og sette fleire noregsrekordar.[1]

Wilhelm Sorteberg
Fødd24. juni 1950
NasjonalitetNoreg
Yrkefriidrettsutøvar

Bakgrunn

endre

Wilhelm Sorteberg er soneson til Wilhelm W. Sorteberg. Foreldra hans var Asbjørn Sorteberg (1911-1991), tilsett ved Landbrukshøgskulen på Ås, og Agnes f. Dyrnes frå Smøla.[2]

Han er gift med Angelika Sorteberg, som også er lege, og dei to har samarbeidd om fleire forskingsprosjekt.[3]

Idrettskarriere

endre

Sorteberg representerte Ås IL og Kamp-Vestheim.

Han sette noregsrekord i stavhopp på 4,82 i 1973, forbetra til 4,85 same året. I 1975 sette han ny rekord med 4,90, før han braut femmetersgrensa med 5,01 i 1976. Den forbetra rekorden på 5,05 sett seinare det året blei ståande fram til 1989, då Trond Barthel sette ny rekord på 5,10.[4]

NM-medaljar
Plassering Grein År
Gull Stav 1969, 1970, 1973, 1974, 1976, 1977, 1978
Bronse Stav 1972

Medisinsk karriere

endre

Sorteberg tok doktorgrad i medisin i 1993 med avhandlinga Methodological and technical advances in transcranial Doppler ultrasonography.[5] Han har seinare gjeve ut ei rekkje vitskaplege artiklar. I 2015 fekk han Monrad Krohns hederspris for forskinga si på blodgjennomstrøyminga i hjernen.[3]

Han er seksjonsoverlege ved Oslo universitetssykehus.[6]

Referansar

endre
  1. friidrett.no: NM Stav menn. Arkivert 2017-08-16 ved Wayback Machine.
  2. Gards-og ættesoge for Vestsmøla.
  3. 3,0 3,1 «Pris for hjerneforskning», Dagens Medicin (på norsk), arkivert frå originalen 7. september 2021, henta 7. september 2021 
  4. «Rekordenes Utvikling/Progression of the Records Men». Norges Friidrettsforbund, Statistikk-og Rekordutvalget. 1.1.2015. Henta 7. september 2021. 
  5. «Doktorgrader ved Det medisinske fakultet august 1989–juni 2014» (PDF). Michael. 2014. 
  6. «OUH - Group members», www.ous-research.no (på engelsk), henta 7. september 2021 

Bakgrunnsstoff

endre