Willem Corneliszoon Schouten (15801625) var ein nederlandsk sjøfarar og oppdagingsreisande som mellom anna oppdaga Kapp Horn og Tongaøyane.

Willem Schouten
Willem Cornelisz Schouten 1625.png
Willem Schouten, måla kring 1625
Fødd ca. 1577
Hoorn
Død

1625 (48 år)
Antongil Bay

Yrke oppdagar
Willem Schouten på Commons

Yngre årEndra

Schouten reiste i 1601 med Oude Compagnie på sin fyrste sjøtur til Banten i Austindia. Dette selskapet var ein føregjengar til det kjende nederlandske austindiakompaniet (Vereenigde Oostindische Compagnie = VOC). År 1603 var han med Wolffhart Harmansen til Aceh på ei reise utrusta av det nemnde Austindia-kompaniet VOC.

Ekspedisjonen til StillehavetEndra

 
Reiseruta til Schouten og Le Maire

Schouten leia åra 1615 til 1617 saman med Jacob Le Maire ei verdsomsegling, med siktemål mot å omgå det Nederlandske Austindia-kompaniet sitt monopol på handel med Nederlandsk Austindia gjennom å finne ein ny veg til Stillehavet. VOC hadde handelsmonopol på rutene rundt Kapp det gode håp og gjennom Magellansundet. Ekspedisjonen hadde kome i stand etter initiativ frå far til Le Maire, kjøpmannen Isaac Le Maire og Australische Compagnie, ein konkurrent til VOC.

Ekspedisjonen la ut frå öya Texel den 14. juni 1615 med to fartøy. Le Maire var skipper på "Eendracht", Schouteen på "Hoorn". Dei nådde Patagonia i desember, der dei stoppa opp for å vøle fartøya. Under reparasjonane tok "Hoorn" fyr og brann opp.

Tidleg i året 1616 runda dei Kapp Horn, som fekk namn etter heimbyen til dei to skipperane. Ferda fylgde så nordkystane av Niu Ailan (New Ireland) og Ny-Guinea, der dei uppdaga dei nærliggande øygruppene Le Maire-øyane, Schoutenøyane, Admiralitetsøyane, Wallis- og Futunaøyane og Tongaøyane, dit dei kom i mai 1616. Dei nådde Java i oktober 1616 og handla krydder. I november vart dei arrestert i Batavia (Jakarta) for brot mot handelsmonopolet, då ingen trudde på den nyfunne ruta til Stillehavet. Schouten og Le Maire vart sende som fangar heim til Nederland. Le Maire døydde under reisa heim. Fyrst seinare fekk Schouten oppreising for skuldsmålet og kompensasjon for tapet.

Schouten skildra verdsomseglinga i dagboka som vart utgjeven i Amsterdam i 1618 og som snart var omsett til andre språk.

Seinare årEndra

I 1619 fekk Schouten kommandoen på eitt nytt fartøy, utrusta av det Nederlandske Austindia-kompaniet (VOC) og gjennomførte ytterlegare reiser til Nederlandsk Austindia. Under ei reise i 1625 la han i uver skipet til på reia i Antongilbukta på austkysten av Madagaskar. Der døydde Schouten.

KjelderEndra

  • Journal Ofte Beschryvinghe van de wonderlicke reyse, ghaedaen door Willem Cornelisz Schouten van Hoorn, inde Jaren 1615, 1616, en 1617. Hoe hy bezuyden de Strate van Magekkanes een nieuwe Passagie tot inde groote Zuyzee onteckt en voort den gheheelen Aerdkloot angheseylt, heeft. Wat Eylanden, vreemde volcken en wonderlicke avontueren hem ontmoet zijn. Amsterdam 1618.
  • Latinsk utgåve: Diarium vel descriptio laboriosissimi et molestissimi itineris, facti a Guilielmo Cornelii Schoutenio annis 1615-17... Amsterdam (1619).
  • Tysk utgåve: Journal, oder Beschreibung der wunderbaren Reise W. Schouten auss Hollandt, im Jahr 1615-17 Frankfurt am Main (1619). (Fleire seinare utgåvor ikkje medtekne.)
  • Alexander H. Bolyanatz, "Where Is Claes Pietersz Bay? An Episode in the History of the Sursurunga of New Ireland", Ethnohistory 45:2, s. 319-347 (1998).

BakgrunnsstoffEndra