Opna hovudmenyen
Collectivité de Wallis-et-Futuna
Uoffisielt flagg
Våpen
Uoffisielt flagg Våpen
Wallis- og Futunaøyane på verdskartet
Status Fransk oversjøisk kollektivitet (Collectivités d'outre-mer)
Administrateur supérieur Marcel Renouf
Hovudstad Mata-Utu
Offisielt språk Fransk, futunaisk, uveisk
Areal

- % vatn

274 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 16 309 (2007)
ca. 59,5/km²

Verdsdel Oseania
Internet-domene .wf
Tidssone UTC +12
Internasjonal telefonkode +681
Nasjonalsong


Wallis- og Futunaøyane, fransk Wallis-et-Futuna, futunisk og uveisk Uvea mo Futuna, er eit fransk oversjøisk område i Stillehavet. Det omfattar Wallisøyane (Uvea) i nord og Futunaøyane i sør. Arealet er 274 km² og folketalet 16 309 (2007).

Kart over Wallis- og Futunaøyane

Øyane vart først folkesette av polynesiske folkeslag. Dei vart først vitja av europearar på 1600-talet. Franske misjonærar kom dit i 1837 og konverterte folket til katolisismen. Dei vart gjort til fransk protektorat i 1887 og 1888. Dei vart ein fransk koloni, underlagt Ny-Caledonia i 1917. I 1961 vart dei eit fransk oversjøisk territorium, og tilknytinga til Ny-Caledonia vart broten. I 2003 fekk dei status som fransk oversjøisk «kollektivitet».

Det store fleirtalet av folket på øyane, 97,3 % i 2003, er av polynesisk opphav, med eit lite mindretal av fransk opphav. Over 16 000 menneske med opphav frå Wallis- og Futunaøyane bur på Ny-Caledonia. Dei fleste snakkar polynesiske språk, uveisk (fakauvea) på Wallisøyane og futunaisk (fakafutuna) på Futunaøyane.