Willi Holdorf (17. februar 19405. juli 2020) var ein tysk friidrettsutøvar som vann den olympiske gullmedaljen i tikamp i 1964. Han var frå landsbyen Blomesche Wildnis i Schleswig-Holstein og representerte Vest-Tyskland.

Willi Holdorf
Statsborgarskap Tyskland
Fødd 17. februar 1940
Bloemsche Wildnis
Død

5. juli 2020 (80 år)
Achterwehr

Idrett friidrett, bobsleigh, fotball
Tok del i

Sommar-OL 1964

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Hall of Fame des deutschen Sports, Sportler des Jahres

Holdorf vart vesttysk meister i tikamp i 1961, ein prestasjon han gjentok to år seinare. Sommaren 1962 sikra han seg også den vesttyske meistertittelen på 200 meter hekk. I september same året vart han femtemann i tikampen ved europameisterskapen i Beograd, med sine 7 355 poeng enda han nær 300 poeng bakom vinnaren, Vasilij D. Kuznetsov frå Sovjetunionen. Vel to år etter gjorde Holdorf sitt livs beste tikampøving under dei olympiske leikane 1964 i Tokyo. Han oppnådde då 7 887 poeng og slo nestemann, Rein Aun frå Sovjetunionen, med 35 poeng.

Holdorf la opp i 1965.

Kjelder endre