William Cecil Slingsby

William Cecil Slingsby (25. mai 184926. august 1928) var ein britisk fjellklatrar som spela ei viktig rolle for fjellklatringa i Noreg på 1800-talet, ofte kalla norsk tindesports far. Han er særleg kjend for å ha vore fyrstemann til topps på Store Skagastølstind.

William Cecil Slingsby

Statsborgarskap Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 25. mai 1849
Bell Busk
Død

23. august 1929 (80 år)
Hurstpierpoint

Yrke oppdagar, fjellklatrer
Språk engelsk
Far William Slingsby
Mor Mary Ann Dewhurst
Ektefelle Alizon Farrer Ecroyd
Slingsby kleiv opp på Store Skagadølstind den 21. juli 1876

Mellom 1872 og 1921 besøkte Slingsby Noreg 21 gongar, og gjennomførte fleire klatrebragdar. I den fyrste par tiåra stod han for ikring 50 fyrstebestigingar i norsk fjell. Sommaren 1876 kleiv han gjennom fem døgn til topps på fem «jomfruelege» tindar og horn i Jotunheimen, fleire av dei i fylgje med Emanuel Mohn og Knut Lykken. Slingsby-namnet er særleg knytt til Jotunheimen, med namn som Slingsbybreen og Slingsbytinen. Hans klatra også mykje i Sunnmørsalpane og i den nordnorske fjellheimen, samt i Alpane.

Slingsby gav i 1904 ut boka Norway, the northern playground, som i 1998 kom ut i norsk omsetjing, Norge, den nordlige arena, utvida med artiklar Slingsby fekk trykt i norske publikasjonar.

Kjelder endre