Sunnmørsalpane
Sunnmørsalpane er eit namn på ei samling fjell på Sunnmøre. Grensa for Sunnmørsalpane er ikkje klår. Ein reknar normalt at Romsdalstindane og Tafjordfjella er eigne fjellområde.
Omgrepet blei truleg brukt første gong i Turistforeningens Aarbog i 1882 av E. Mohn om fjella på «den store halvø som omsluttes av Voldenfjorden, Vartdalsfjorden og Storfjorden». Fjella på både sider av Hjørundfjorden inngår i Sunnmørsalpane, heilt sør til Hornindalsrokken. Likeeins er Kyrkjefjellet eit grensefjell og den uklåre grensa går vidare langs Voldsfjorden ut til Vartdalsfjorden. Vartdalsfjorden og Storfjorden er den nordlege grensa for Sunnmørsalpane. Jamvel om grensa kan diskuterast, er det stor semje om at kommunane Stranda, Sykkylven, Ørsta og Volda er kjerneområdet for Sunnmørsalpane.
Grunnfjellet i Sunnmørsalpane er for det meste granittgneis. Ein finn og område med ein del gabbro og olivin. Fjella er særmerkte alpine med piggar og tindar, bratte skrentar og stup. Utforminga er hovudsakleg ei følgje av iserosjon. Fjella ligg ofte kloss i ein fjord. Mange stader er svært snøskredutsette.
I hjertet av Sunnmøre brer seg den vidunderlige alpeverden av høye, steile, takkete fjell, som utgjør Sunnmøres største severdighet og frembyr det mest slående bilde av dets eiendommelige og storslåtte natur. Og midt i dette kaos av egger og topper, der skjærer Hjørundfjorden seg inn mot sør som en mektig kile, 36 km lang og et par kilometer bred.
Kristofer Randers (1890)
|
Staar du ved havet,
Kristofer Randers (1890)[1]
|
Toppar i Sunnmørsalpane
endreVolda kommune/Stranda kommune
endre- Kvitegga 1717 moh.
- Hornindalsrokken 1529 moh.
Stranda kommune
endre- Austre Smørskredtinden 1606 moh.
- Leirvasshornet 1531 moh.
Stranda kommune/Ørsta kommune
endre- Skruven 1584 moh. Lissje Skruven 1548 moh.
- Åkernesnibba 1296 moh.
Stranda kommune/Sykkylven kommune
endre- Dalmannshornet 1476 moh.
Sykkylven kommune
endre- Brunstadhornet 1524 moh.
- Blåbretinden 1476 moh.
- Skopphornet 1226 moh.
Sykkylven kommune/Ørsta kommune
endre- Råna 1586 moh.
- Brekketindane 1559 moh.
- Midtre Regndalstinden 1540 moh.
- Urkedalstinden 1534 moh.
- Vellesæterhornet 1510 moh.
Ørsta kommune
endre- Austsida av Hjørundfjorden
- Vestre Smørkredtinden 1630 moh.
- Storhornet ved Bjørke 1599 moh.
- Jakta 1588 moh.
- Slogen 1564 moh.
- Risenosa 1573 moh.
- Rokkekjerringa 1543 moh.
- Trandalstinden 1543 moh.
- Staven 1517 moh.
- Saksa 1073 moh.
- Vestsida av Hjørundfjorden
- Skårasalen 1543 moh.
- Kolåstinden 1432 moh.
- Ramoen 1419 moh.
- Grøtdalstindane 1330 moh.
- Otolhornet 1312 moh.
- Sølvkallen 1310 moh.
- Saudehornet 1303 moh.
- Romedalstinden 1295 moh.
- Blåtindane 1288 moh.
- Vassdalstinden 1277 moh.
- Nøvedalstinden 1244 moh.
- Åvasstinden 1233 moh.
- Longenestinden 1206 moh.
- Ytstenestinden 1180 moh.
Volda kommune
endre- Kyrkjefjellet 1482 moh.
- Matøskja 1332 moh.
Kjelder
endre- ↑ Kristofer Randers: Sunnmøre. Reisehåndbok. Ålesund: Ålesund-Sunnmøre Turistforening, 4. utgave 1962 (1. utgave 1890).
- Leiv Arne Grimstad og Gunnar Wangen: SunnmørsAlpane Tindelandet. ISBN 82-992177-6-8
«Sunnmørsalpene» i Store norske leksikon, snl.no.