William Mathews
William Mathews (1828–1901) var ein britisk fjellklatrar og botanikar, landmålar og eigedomsmeklar. Han var den fyrste som føreslo skiping av Alpine Club.
William Mathews | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 1828 Hagley |
Død |
5. september 1901 (72 år) |
Yrke | botanikar, fjellklatrer, plantesamlar |
William Mathews på Commons |
Mathews brevveksla i februar 1857 med F.J.A. Hort kring ideen om å skipe ei nasjonalforeining for fjellklatring. Han tok opp tanken med E.S. Kennedy på ein tur til toppen av Finsteraarhorn den 13. august 1857.[1] Fleire førebuande møte fann stad i Mathews sitt hus i nærleiken av Birmingham gjennom november månad.[2] Skipingsmøtet for Alpine Club vart avvikla 22. december 1857 på Ashley's Hotel i London, leia av Kennedy.
Perioden 1868-71 var Mathews den femte formannen i Alpine Club.
Fyrstebestigingar
endre- Grande Casse - 8. august 1860, saman med fjellførarane Michel Croz og E. Favre
- Castore - 23. august 1861, saman med F.W. Jacomb og Michel Croz
- Viso - 30. august 1861, saman med F.W. Jacomb og Michel Croz
- Grandes Rousses - 1863, saman med Thomas George Bonney, Michel Croz og broren Jean-Baptiste Croz
Notar
endre- ↑ Finsteraarhorn Arkivert 2011-07-07 ved Wayback Machine. at stnet.ch (accessed 7 January 2008): On this ascent Mathews and Kennedy were accompanied by J. C. W. Ellis, John Frederick Hardy, Benjamin St John Attwood-Mathews, and by four guides, Auguste Simond and Jean Baptiste Croz, of Chamonix, Johann Jaun the Elder, of Meiringen, Aloys Bortis, of Fiesch, and by one porter, Alexander Guntern.
- ↑ Claire Engel, Mountaineering in the Alps, London: George Allen and Unwin, 1971, p. 112. Mathews and Kennedy approached John Ruskin to become a member, but he declined. p. 113.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «William Mathews» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2012.