Castore
Castore eller Castor er eit fjell i Wallis-Alpane på grensa mellom Sveits (Valais) og Italia (Aostadalen) med ei høgd på 4 228 meter over havet. Fjellet er det høgaste av to tvillingtoppar (det andre er Pollux) kalla opp etter Geminitvillingane i romersk mytologi. Castor ligg mellom Breithorn og Monte Rosa. Mellom Castor og Pollux ligg passet Passo di Verra eller Zwillingsjoch i ei høgd på 3 845 moh.
Castor | |||
fjell | |||
Pollux (venstre) og Castor (høgre)
| |||
Land | Sveits, Italia | ||
---|---|---|---|
Regionar | Valais, Aostadalen | ||
Del av | grensa mellom Italia og Sveits | ||
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 4 228 moh. | ||
Primærfaktor | 165 m ↓ ↓ Monte Rosa | ||
Koordinatar | 45°55′20″N 7°47′34″E / 45.92222°N 7.79278°E | ||
Førstestiging | F. W. Jacomb | ||
Castore 45°55′15″N 7°47′36″E / 45.920861111111°N 7.7933305555556°E | |||
Kart som viser Castore.
| |||
Wikimedia Commons: Castor and Pollux peaks |
Fjellet vert vanlegvis klarta frå fjellhytta Capanna Quintino Sella på den italienske sida via Felikjoch og den lange, smale søraustryggen. Frå den sveitsiske sida startar ein oppstiging frå Klein Matterhorn og går over den italienske isbreen Mezzalama og vestsida av fjellet. Den første klatringa vart utført 23. august 1861.
Biletgalleri
endre-
Castor (venstre) og Pollux (høgre) oppfor Gornerbreen
-
Klatring langs toppryggen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Castor (mountain)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Helmut Dumler og Willi P. Burkhardt (1989). Viertausender der Alpen. München: Bergverlag Rother. ISBN 3-7633-7427-2.