William McCleery

Sir William Victor McCleery (17. juli 188730. oktober 1957) var ein framståande næringslivsmann og unionistpolitikar i Ulster Unionist Party i Nord-Irland, og ein leiande medlem i Orangeordenen.

William McCleery
Fødd17. juli 1887
Død30. oktober 1957 (70 år)
PartiUlster Unionist Party
Yrkeembetsmann, politikar
MedlemOrangeordenen

KarriereEndra

McCleery var administrerande direktør for tekstilindustrifirmaet Hale, Martin and Company, og frå 1921 til 1946 var han president i Ballymoney handelstandsforeining. Frå 1922 til 1945 var han leiar for North Antrim Agricultural Association og frå 1931 til 1946 var han President for North Antrim Unionist Association. Han var og ein periode stormeister for Orangeordenen i Antrim.[1]

McCleery vart vald inn i regionsparlamentet i Belfast for North Antrim i eit suppleringsval i 1945, i 1945 var han ein periode Arbeidsminister før han gjorde teneste som Handelsminister til 1953. I 1949 vart han utnemnd til Privy Council of Northern Ireland. Etter at han gjekk ut av regjeringa var leiar for Unionist Back Bench Committee til 1956. McCleery vart teken opp i riddarstanden i 1954.[1]

McCleery vart stormeister i Orangeordenen for Irland i 1954, og det var ein posisjon han nytta til å stø Unionistpartiet og regjeringa.[2] Frå året etter - 1955 - vart han stormeister for Imperial Grand Orange Council of the World.[1]

KjelderEndra