William McGibbon (april 16903. oktober 1756) var ein skotsk komponist og fiolinist.[1]

William McGibbon
Føddapril 1690
Død3. oktober 1756 (66 år)
OpphavKongeriket Storbritannia
Instrumentfiolin
Verka somkomponist

Liv endre

Kjelder frå 1700-talet har ulike opplysingar om mange detaljar frå livet hans, slik at mykje av dette er usikkert. Han var truleg fødd i Glasgow som son av fiolinisten Duncan McGibbon og kona hans Sarah Muir, sjølv om tidlegare kjelder seier han blei fødd i Edinburgh. Han kan ha studert i London under William Corbett, og kan ha reist til Italia i ungdommen, kanskje i lag med Corbett. Det verker som om han slo seg ned i Edinburgh på 1720-talet.[2]

Han døydde i 1756, og let etter seg eigedelane sine til sjukehuset Edinburgh Royal Infirmary.[1]

Virke endre

McGibbon var fyrstefiolinist i Edinburgh Musical Society sitt orkester frå 1726 til han døydde.[1]

Han var ein produktiv komponist, særleg for fløyte, blokkfløyte og fele, men no er berre nokre få av verka hans kjende. Ifølgje Grove varierer dei i kvalitet. Dei tidlege verka hans viser påverknad frå Corelli, Handel, Veracini og Purcell, medan han etter 1740 produserte mange tilverkingar av skotske tonar, som då var svært populære, men som framleis viser ein italiensk innverknad.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 David Johnson. "McGibbon, William". Grove Music Online. Vitja 15. mars 2012.
  2. David Johnson. "McGibbon, William". Grove Music Online. Accessed 15 March 2012.

Bakgrunnsstoff endre