Willy Jansson
Willy Jansson (13. mai 1927–18. september 2019) var ein norsk konditor og politikar frå Sandefjord. Han representerte Vestfold og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1968 til 1973.
Willy Jansson | |||
Fødd | 13. mai 1927 Sandar kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 18. september 2019 (92 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, organisasjonsarbeidar, konditor | ||
Alle verv |
|
Jansson, som var son til ein kvalfangar, tok i 1951 fagbrev som konditor. Han arbeidde som konditor i heimbyen til 1961, etter at han i ungdomsåra 1946-48 var sysselsett som reisesekretær i Nord-Noreg for metodistkyrkja. 1961-67 var han fylkessekretær i Vestfold Arbeidarparti. Etter stortingstida var han 1973-77 sekretær i Arbeidernes Opplysningsfond, organisasjonssjef 1978-83 og leiar 1983-98 i Norsk Folkeferie.
Jansson ver medlem i Sandefjord bystyre frå 1955 til 1971, i tre av periodane med sete i formannskapet. Han var elles formann i Sandefjord boligbyggelag 1962-68 og medlem av Hytteutvalet 1979–81. Stortingsperioden 1965-69 var han fyrste vararepresentant frå Vestfold til dess representanten Johan Andersen døydde i mai 1968. Sidan møtte han fast resten av fireårsbolken som medlem i Forsvarskomiteen. Valbolken 1969-73 var han ein av fire Arbeidarparti-representantar på Stortinget frå Vestfold, med plass i Kommunal- og miljøverkomiteen.