Opna hovudmenyen

Johan Andersen

norsk politikar

Johan Andersen (5. mai 190211. mai 1968) var ein norsk jarndreiar og politikar frå Holmestrand. Han representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1945 til han døydde i 1968.

Johan Andersen
Fødd5. mai 1902
Holmestrand kommune
Død11. mai 1968
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Johan Andersen var son til ein sjømann. Frå han var 15 år gammal gjekk han fire år i dreiarlære hos eit firma i Oslo, og arbeidde så i firmaet til 1926. Åra 1927-29 var han tilsett i Melkefabrikken i Holmestrand. Deretter fekk han seg stilling som jarndreiar ved Marinen sitt hovudverft i Horten, ei stilling han formelt hadde til han døydde.

Frå 1945 til 1947 var Andersen med i Horten bystyre. Hausten 1945 vart han vald til å representere kjøpstadene i Vestfold på Stortinget, og vart attvald frå krinsen i 1949. Frå 1954 og resten av stortingstida representerte han Vestfold fylke, heile tida som representant for Arbeidarpartiet. I alle sine 23 år som tingmann hadde han sete Militærkomiteen, ein komite som frå 1. oktober 1967 bar namnet Forsvarskomiteen.

Andersen var 1951-66 formann i Horten Arbeiderparti og 1956-68 i tiltaksrådet i Horten.

KjelderEndra