Willy van de Kerkhof

nederlandsk fotballspelar

Wilhelmus Antonius van de Kerkhof, nemnd Willy van de Kerkhof, (fødd 16. september 1951) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar, kjend for sine mange år som midtbanespelar i PSV Eindhoven og på Nederlands landslag. Også tvillingbroren René van de Kerkhof var landslagsspelar.

Willy van de Kerkhof
Personleg informasjon
Fullt namn Wilhelmus Antonius van de Kerkhof
Fødd 16. september 1951 (72 år)
Fødestad Helmond i Nederland
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1970–1973
1973–1988
Twente
PSV Eindhoven
95 (14)
418 (57)
Totalt 511 (71)
Landslag
1973–1986 Nederland 63 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Kerkhof spelte 1970-73 på FC Twente. Resten av si tid som aktiv tente han PSV Eindhoven, der han perioden 1974-78 var med på å vinne den nasjonale cupturneringa to gongar og seriemeisterskapen tre gongar. Dei suksessrike åra vart avslutta med triumf i UEFA-cupen 1978. Deretter venta ti sesongar utan pokalfangst, heilt til han la opp i 1988.

Landslagsspel endre

Kerkhof fekk sin landslagsdebut 5. juni 1974 og fekk plass i VM-troppa 1974, utan å få speletid i meisterskapen. Under Fotball-VM 1978 i Argentina spelte han alle kampane då Nederland tok seg til VM-finale, ein kamp som etter ekstraomgangar enda med siger 3-1 for arrangørlandet. Kerkhof deltok i 63 landskampar, den siste i oktober 1985. Han skåra fem mål for Nederland.

Merittar endre

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1978 med PSV Eindhoven
  • Nederlandsk seriemeister: 1975, 1976, 1978 med PSV Eindhoven
  • Nederlandsk cupmeister: 1974 og 1976 med PSV Eindhoven
  • VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland
  • EM-bronse: 1976 for Nederland

Kjelder endre