Wind Up Workin' in a Gas Station
Wind Up Workin' In A Gas Station Song av Frank Zappa frå albumet Zoot Allures | ||
Utgjeve | 1976 | |
Sjanger | Rock, hardrock, komedierock | |
Lengd | 2:29 | |
Låtskrivar(ar) | Frank Zappa | |
---|---|---|
Produsent | Frank Zappa |
«Wind Up Workin' in a Gas Station» er den første songen på Frank Zappa-albumet Zoot Allures. Songen vert sungen av Zappa med ein falsk, tysk aksent fordi Zappa var fascinert av den tyske kulturen. På konsertane vart linja «Show me your thumb if you're really dumb» repetert mange gonger, og publikum svarte med å heve begge tomlane opp i lufta. Trass i den pessimistiske teksten vart songen ein favoritt hos fansen. Ein konsertversjon finst på You Can't Do That on Stage Anymore, Vol. 6.[1][2]
Tyding
endreTittelen tyder «Enda opp med å arbeide på ein beninsstasjon». Songen går til åtak på det amerikanske skulesystemet og forklarer at sjølv med høg utdanning endar folk likevel opp med dårleg betalte jobbar, som å arbeide på ein bensinstasjon.[3]
Lady Bianca-kontroversen
endreSolovokalen vert sungen av Bianca Odin, betre kjend under scenenamnet Lady Bianca, som berre var i bandet til Zappa i 1976. Årsaka til at Odin slutta i bandet sa ho i eit intervju:
« | «Eg drog frå Frank Zappa fordi eg er ei kvinne. Eg ønskte ikkje å bli audmjuka med å ta av med kleda mine eller la Frank nytte meg som ei kulisse i showet hans. Eg følte at vokalen og dei musikalske eigenskapane mine var nok. Det var derfor eg slutta, det var mitt val». | » |
Etter at Lady Bianca vart songen droppa frå setlista fordi den høge vokalen til Lady Bianca var vanskeleg å etterlikne av andre vokalistar.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wind Up Workin' in a Gas Station» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 François Couture. «Wind Up Workin' in a Gas Station - Frank Zappa : Listen, Appearances, Song Review». AllMusic. Arkivert frå originalen 17. februar 2014. Henta 11. juni 2014.
- ↑ Supremely American: Popular Song in the 20th Century : Styles and Singers ... - Nicholas E. Tawa - Google Books. Books.google.com. 28. februar 2005. Henta 11. juni 2014.
- ↑ The Words and Music of Frank Zappa - Kelly Fisher Lowe - Google Books. Books.google.com. Henta 11. juni 2014.