Window Maker

Window Maker er ein vindaugehandsamar for Unix-liknande operativsystem. Window Maker er kjend for å vere mindre ressurskrevande enn liknande handsamarar og er difor mykje brukt på datamaskiner med begrensa systemresursar. Mange brukar Window Maker framfor andre lette vindaugehandamarar (slik som Fluxbox, Ion og Ratpoison), ettersom Window Maker er laga slik at brukaren konfigurerer vindaugehandsamaren gjennom det grafiske programmet WPrefs, istaden for å måtte endre lange tekstfiler.

Window Maker 0.9.1.0 på FreeBSD 5.3

Opphavleg var namnet på vindaugehandsamaren WindowMaker (utan mellomrom), men namnet vart endra etter ei nettadresse-konflikt mellom Window Maker-prosjektet windowmaker.org, og windowmaker.com, som vert eigd av Windowmaker Software Ltd., eit firma som produserer programvare for vindauge- og dørproduksjon.

BakgrunnsstoffEndra


Vindaugehandsamarar for X window
AfterStep | Blackbox | evilwm | Enlightenment | Fluxbox | FVWM | IceWM | Ion | KWin | Metacity | MWM | Openbox | Sawfish | twm | Window Maker