Winslow Rock
Winslow Rock er ein holme like utanfor austsida av Lavoisier Island i Biscoe Islands. Han vart kartlagt frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) (1958–59). Det er eit lite fuglevêr for pingvinar på holmen, som er den einaste kjende plassen ein kan gå i land på austsida av Lavoisier Island. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Charles E.A. Winslow, ein amerikansk fysiolog som har spesialisert seg på korleis menneskekroppen reagerer på kulde.
Winslow Rock | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Biscoe Islands | ||
- koordinatar | 66°17′S 66°44′W / 66.283°S 66.733°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Winslow Rock 66°17′00″S 66°44′00″W / 66.2833°S 66.7333°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Winslow Rock» (innhald frå Geographic Names Information System).