Woburn
Woburn er ein liten by i Bedfordshire i England. Han er best kjent som staden der Woburn Abbey og Woburn Safari Park ligg.
Woburn | ||
---|---|---|
Soknekyrkja i Woburn | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Bedfordshire | |
Distrikt | Central Bedfordshire | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
950 | |
Koordinatar | 51°59′N 0°37′W / 51.983°N 0.617°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | MK17 | |
Telefon-retningsnummer | 01525 | |
Namnet er av angelsaksisk opphav, og viser til ei svinga elv. Det same namnet går igjen i Woburn Sands i Buckinghamshire, som ligg kort veg unna.
Historie
endreFørste gongen Woburn er nemnd er i eit dokument frå 969, då kong Edgar gav Aspley til ein mann ved namn Alfwold. I dokumentet blir fortalt det at området grensar mot «Woburnmennene sitt land». I Domesday Book (1086) vert det sagt det at Woburn var underlagt ein Alric, som hadde seks husmenn under seg. Etter erobringa hadde Walter Giffard teke over, og han leidde ut området til Hugh de Bolebec.
I 1145 grunnla sonesonen til Hugh, Hugh de Bolebec den yngre, cisterciensarklosteret St. Maria ved Woburn, kjent som Woburn Abbey. Klostret vart plassert rett utanfor landsbyen, og abbeden vart i praksis òg den lokale godseigar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Woburn» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juli 2011.