Vokk

(Omdirigert frå Wok)

Vokk eller wok (frå kantonesisk) er ein halvkuleforma gryte eller steikepanne laga av tynn jarnplate, av støypejarn eller av keramikk. Ho vert nytta til å steike på ein gong alle ingrediensane i ein matrett, skorne i småbitar, i løpet av stutt tid under høg temperatur i lite feitt eller olje. Ein vokk har gjerne eit par handtak som på ei gryte, eller eitt langt handtak som på ei steikepanne, og er forma for særleg å nyttast over eld, til dømes ei gassflamme. Denne typen gryter er mykje nytta i kinesisk og søraust-asiatisk matlaging, og har fått innpass i europeisk matlaging i den seinare tida.

Vokk på eit kinesisk restaurantkjøken.
Ein ferdig tillaga rett av kylling og grønsaker

I motsetnad til europeiske gryter og panner er det altså ikkje noka skilje mellom botn og vegg i ein vokk. Dette gjer det lettare snøgt å vende eller røre i maten under steikinga, så alle ingrediensane i retten får same temperatur og ikkje vert svidd. Den stutte steiketida gjer at vitamin, mineral, fibrar, farge og smak i matvarene vert teke godt vare på.

Snøggsteiking i ein vokk vert i Noreg ofte kalla å vokke eller wokke.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vokk