Woking
Woking er ein by i grevskapet Surrey i England. Han ligg i den vestre delen av grevskapet, omkring 30 minutt med tog frå London. Ein stor del av folkesetnaden pendlar anten til London eller til Heathrow lufthamn. Byen har kring 60 000 innbyggjarar, men i lag med Byfleet har dei i lag kring 105 000 innbyggjarar.
Woking | ||
---|---|---|
Sentrum | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Surrey | |
Distrikt | Woking | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
62 796 | |
Koordinatar | 51°18′N 0°33′W / 51.300°N 0.550°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Byen oppstod rundt ein jernbanestasjon som vart bygd på 1800-talet for å fungere som krysspunkt mellom to jernbanelinjer. Den eine av dei gjekk til Brookwood gravlund, som vart oppretta av London Necropolis Company som avlastningskyrkjegard for London. Woking fekk seinare det første krematoriet i Storbritannia, i 1878.
Det finst planar om å flytte grevskapsadministrasjonen for Surrey til Woking. Han ligg per i dag i Kingston, men den byen er overflytta frå Surrey til Stor-London.
Den mest kjende fotballklubben i byen er Woking F.C.. Fotballspelaren Michael Hale er frå Woking. Ein annan kjend person frå Woking er H.G. Wells, som i boka si Krigen til klodane lét marsbuarane lande i byen. Det er reist ein statue av ein marsbuar – etter skildringa til Wells – i sentrum.
Den første moskéen til Storbritannia ligg i Woking.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Woking» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2011.